VÅRE TENESTER

Visuell identitet

Ein god visuell identitet formidlar kven bedrifta di er og kva den står for, og styrer folk si oppfatning av den. Ein tydeleg og gjennomarbeidd identitet kan auke stoltheit og tilhøyrigheit, kan revitalisere bedrifta di og gje eit konkurransefortrinn i marknaden.

I Rein Design jobbar vi etter ein arbeidsmodell der vi inkluderer kunden og saman avklarer kjerneverdiar, framtidsønsker og visjonar. På bakgrunn av dette skaper vi ein visuell identitet med det rette uttykket for bedrifta.

Trykksaker

Rein Design har lang erfaring med produksjon av trykt materiell, som brosjyrar, salsmateriell, visittkort, brevark og rapportar.

Vi har i tillegg lang erfaring med grafisk og redaksjonell produksjon av ulike avisprodukt, som Fylkesmagasinet, Papiravisa, iFørde, magasin for Elvetorget og meir.

Bildekor og messemateriell er også noko vi tilbyr, frå dei enklaste oppdrag til meir omfattande løysingar som krev gode idéar.

Webdesign

Ofte er ei nettside det første kontaktpunktet mellom bedrift og kunde. Ei god nettside er oppdatert, representativ, funksjonell og interessant.

Vi tilbyr rådgiving og leverer komplett webdesign, som vår samarbeidspart Mediebruket programmerer.

Reklamekampanjar

Ein god reklamekampanje krev ein god idé og solid gjennomføring.

Vi hjelper deg å finne den gode idéen, forme kampanjen, og velge dei rette kanalane. I tillegg har vi eit breitt nettverk av underleverandørar som vi hentar inn ved behov dersom prosjektet går ut over våre fagfelt.

Tekst og innhald

Vi kan levere selgande tekstar til annonser, redaksjonelle artiklar, innhald til nyheitsbrev, tekstar til sosiale medium eller innhaldsmarknadsføring.

Kom til oss med eigne idéar eller la oss utvikle ferdige tekstar for deg.

Event

Rein Design har lang erfaring med å organisere event og arrangement, både i eigen regi og på vegne av bedrifter og organisasjonar.

Har du eit jubileum eller noko du vil markere? Vi kan hjelpe deg med idéar og rådgiving, eller gjennomføre heile arrangementet frå start til slutt.