VISUELL IDENTITET

Sunnfjord Utvikling

Sunnfjord Utvikling ønskte å bli meir synlege, og trengte ein tydelegare, sterkare profil. Deira gamle profil hadde eksistert ei stund, og det var på tide å revidere uttrykket. I fellesskap gjekk vi gjennom ein prosess der vi endte opp med å utvide og forenkle namnet frå Sunnfjord Næringsutvikling til Sunnfjord Utvikling, og skape ein ny visuell identitet som formidlar kva dei jobbar for.

Sunnfjord Utvikling jobbar for å generere vekst, i vid forstand, i Sunnfjord-kommunane Førde, Jølster, Naustdal og Gaular. Dei er prosjektleiarar, rådgjevarar og forvaltarar av støtteordningar for nye, næringsretta initiativ. I tillegg jobbar dei for å fremje reiseliv og turisme i dei fire Sunnfjord-kommunane.

Sentralt i arbeidet med ny visuell profil har vore ordet «utvikling». Logoen gir assosiasjonar til vekst, i form av eit stigande stolpediagram. Den representerer óg eit mangfald av pågåande prosjekt i ulike stadier – nokre i startgropa, andre langtkomne. Og som musikkens equaliser kan logoen og støtteelementet gi assosiasjonar til rytme, puls og rørsle – eller seismiske bølger som rystar fundamentet. For logoen representerer eit firma som ikkje står i ro – Sunnfjord Utvikling er i stadig driv framover.

I tillegg til logo har Sunnfjord Utvikling fått eit støtteelement der equalizeren frå logoen vekselvis visualiserer fjell, fjord, og ein meir urban horisont. Sunnfjord oppsummert.

Messevegg med bilder frå bl.a. David Zadig. Foto: David Zadig.

Sunnfjord Utikling har fått utvikla ein bildebank med bilder frå Sunnfjord, justert etter fargar frå profilens fargepalett. Foto: Harald Mikal Halvorsen