VISUELL IDENTITET

Kjeveortopedane

Rein Design har hjulpe kjeveortopedspesialist Bjørnar Hillestad med nytt namn til bedrifta, ny logo, visuell identitet og folie på glassveggar og dører. Målet var å skape ein sterk og tydeleg identitet, som skulle signalisere kvalitet, tryggheit og seriøsitet.

Interiøret blei nominert til Designers Saturday Awards i kategorien Best Interior 2017, i selskap med blant andre Snøhetta og Metropolis.

Vertikal og horisontal logoversjon.

Kvit folie på inngangsdøra. Foto: Trude Tenold.

På glassdører finn du logoformene fylt med vassboblemotiv. Foto: Trude Tenold.

Folie med vassbobler leikar over glassvindaugene inn til behandlingsromma. Foto: David Zadig

Fire behandlingsrom med ulik vassboblefolie på glaset. Foto: David Zadig.