VI ER REIN DESIGN

– eit design- og marknadsføringsbyrå i Førde

Tore Fossen

DAGLEG LEIAR / SENIOR DESIGNER

95 93 99 93
tore@reindesign.no

Tore er ein av grunnleggarane av Rein Design, som starta i 2001. Tore har jobba som typograf sidan 1981. Han har erfaring frå fleire aviser og reklamebyrå på Vestlandet, og har full kontroll på førtrykk og distribusjon.

Tore jobbar med større kreative kampanjar, konseptutvikling og med kombinasjonen event og tradisjonell marknadsføring.

Trude Tenold

AD / SENIOR DESIGNER

95 93 99 94
trude@reindesign.no

Trude har ein Bachelor i Visuell kommunikasjon frå Kunst- og designhøgskolen i Bergen, Kunsthistorie grunnfag og Medievitskap grunnfag frå NTNU i Trondheim, Web-design og Mac-design frå Merkantilt Institutt i Bergen og to år på Kunstskolen i Bergen.

Trude har over 17 års erfaring i bransjen og har jobba med alt frå idéarbeid, identitetsutvikling, grafisk design og -produksjon til  webdesign og kundeopplæring.

Heidi Gloppen

SENIOR DESIGNER

95 93 99 95
heidi@reindesign.no

Heidi har utdanning på bachelornivå i Graphic Arts og masternivå i Future Design frå Teesside University i Middlesbrough i England. Heidi har vore ein del av Rein Design sidan 2012.

Arbeidsområda til Heidi er alt innan grafisk produksjon, idéarbeid, identitetsutvikling, utforming av reklamekampanjar og webdesign.

Roy Sunde

TEKSTFORFATTAR

95 93 99 98
roy@reindesign.no

Roy er utdanna journalist frå Høgskulen i Volda og var tidligare redaktør for Fylkesmagasinet, der han handterte FM sin redaksjonelle profil i 13 år. No leverer han tekstar og innhald til både web, sosiale medium og print.

Roy er kunnskapsrik og levande engasjert i Sogn og Fjordane og utviklinga av fylket.