Reto Reinhald er ei relativt nystarta reinhaldsbedrift, som leverer tenester til både private heimar og næring. Reto Reinhald leverer både tenester i form av faste avtalar, og tek på seg enkeltoppdrag. Nedslagsfeltet deira er i HAFS, men dei tek og på seg oppdrag i nabokommunane.

 

Rein Design inngikk samarbeid med Reto Reinhald i oktober, og starta opp med digital marknadsføring for dei 1. november 2019. Resultata lot ikkje vente på seg.

– Vi har merka ein markant auke i førespurnadar frå nye kundar. Fleire ber om prisar på alle våre tenester, og fleire spør om faste vaskavtalar, seier Karina Fleten, fungerande dagleg leiar i Reto Reinhald.

 

Rein Design oppdaterer no jamleg Reto Reinhald sine kanalar i sosiale medium, og har ein tydeleg strategi på kva vi jobbar mot å oppnå. I tillegg til omdømmebygging og seljande tekstar i sosiale media har Reto Reinhald no også fått betre søketreff enn før. Google ads er kanskje det viktigaste tiltaket, sidan dei no har blitt meir tilgjengeleg for dei som aktivt leitar etter tenestane Reto Reinhald tilbyr.

 

Ønsker du betre konvertering, fleire kundehenvendelsar, eller omdømmebygging? Vi hjelper deg gjerne med både sosiale media og performancemarketing. Kontakt oss så finn vi ei løysing som passar deg.