Alle verksemder treng ein digital strategi.  Dette gjeld same kva bransje ein jobbar i, anten ein har mål om å tene pengar, eller spreie informasjon.  Ein liten butikk med tre tilsette treng ein digital strategi, det same gjer den nye storkommunen og organisasjonar som driv veldedig arbeid.


Vi treff stadig selskap som ikkje har definert ein digital strategi for seg sjølv, og som framleis bruker største delen av sitt marknadsføringsbudsjett på tradisjonelle flater. Dette kan vere fordi vi har «gått oss fast» i gamle vanar, sidan å gjere seg synleg nettbasert gir betydeleg høgare avkasting på pengane du investerer (ROI) enn tradisjonell marknadsføring. At ikkje fleire nyttar høvet til digital marknadsføring er litt rart, då dei fleste selskap no har eiga nettside og kanskje nokre kanalar i sosiale media. Men mange har ingen spesifikke mål eller tankar bak bruken av desse kanalane. Det tapar ein inntekter, omdømme og ikkje minst moglegheita til å bli meir synleg på.

 

Lurer du på kvifor vi kan komme med denne påstanden? Det er fordi at i 2019 brukar kvar nordmann i snitt 137 minutt på sosiale media per dag. Trenden er at dette er eit tal som fortsett å auke. Størst auke er det hos dei i alderen 50-70. (ssb) Til samanlikning kan du tenke deg ca. kor mange minutt du brukar på å bla deg igjennom ei avis, eller sjå på plakatar som heng i butikken. Droppar du digital marknadsføring, vil du truleg gå glipp av verdifulle leads og inntekter, men og moglegheita til å drive viktig merkevarebygging for di eiga bedrift.

 

Har du ein tydeleg digital strategi og plan for CRM er det større sjans for at du får noko igjen for det. Usikker på kvar du skal starte? Vi hjelper deg gjerne gjennom jungelen av digital marknadsføring – enten ved å sette opp ein plan for deg, hjelpe deg med kampanjar, eller du kan sette heile jobben over til oss. Saman finn vi ei løysing som passar deg.

 

Teknologi og innovasjon: Fire av fem nordmenn bruker sosiale medier