I august byrjar Tone Aarflot Løtuft å jobbe i Rein Design, som digitalmarknadsførar.

Tone kjem frå Førde, men flytta til Bergen i 2011 for å ta ein bachelor i marknadskommunikasjon. Hennar første jobb var som marknadsansvarleg i selskapet Heiltours, før ho fikk jobb i mediebyrået Markant Norge i Bergen, som medierådgivar innan digital marknadsføring, webutvikling og sosiale media.
– I Markant jobba eg spesifikt med sal, planlegging og produksjon av performance-marknadsføring, nettsider i WordPressformat, programmatisk marknadsføring, display og søkeordmarknadsføring, marknadsføring i sosiale media og A/B testing.
– Det var ein jobb med høgt tempo, og mange ulike kundar som vi laga tilpassa marknadsføring for. Dagane var aldri like, og det var alltid mykje å gjere. Det passer meg perfekt, seier ho.

Tok med seg kunnskap og erfaring heim til Førde
Jobben i Markant innebar mykje reising, både i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Det, i tillegg til at ho hadde fått barn, fekk ho til å lengte heim.
– Det er den der klisjeen om tidsklemma og levering i barnehage. Slik sett er eg er ein typisk sunnfjordungdom som returnerte heim rik på gode minner og erfaringar, seier ho.
I Førde byrja ho å jobbe som marknadsansvarleg for Byggmester Stølsvika i januar 2017.
– Der har eg hatt ansvar for all marknadsføring i bedrifta, og for alle prosjekta deira. Byggmester Stølsvik tilbyr ulike prosjekt og tenester retta mot ulike målgrupper. Difor har eg jobba mykje med å tilpasse innhald mot rett målgruppe for spesifikke prosjekt, med analytisk tilnærming for å optimalisere treff mot rett målgruppe, seier ho.
– I Markant sende eg produksjon av materiale vidare til ei produksjonsavdeling. I Stølsvik har eg fått vere med å gjere meir av jobben sjølv. I tillegg til digital marknadsføring har eg laga skilt og banner til byggeplass, prospekt og nettsider til ulike prosjekt og arrangert kundekveldar, gjerne i samanheng med lansering av nye prosjekt. Det er alltid ei fin oppleving å treffe kundane fjes til fjes. Sjølv om mykje av kommunikasjonen skjer digitalt, er den viktigaste marknadsføringa i ei slik bedrift den ein gjer i møte med kunden.

Gler seg til å vende tilbake til reklame- og kommunikasjonsbransjen
I Rein Design kjem ho til å jobbe med ulike ting, men mest av alt digital marknadsføring, blant anna på sosiale medium og Google-annonsering.
– Eg gler meg til å vende tilbake til marknadsføring- og kommunikasjonsbransjen. Å jobbe i eit slikt byrå er meir relevant for meg i høve utdanning, og det eg har jobba med. Som marknadsansvarleg i ei bedrift blir ein blir ofte litt «einsam», og har ikkje så mange å spele på innan sitt eige fagfelt. I Markant hadde eit breitt fagmiljø rundt meg. Det er kjekt å jobbe saman med erfarne, kompetente og kreative kollegaer med lang erfaring. Det skaper eit godt arbeidsmiljø der ein kan drøfte problemstillingar med kollegaer og lære av kvarandre. Eg søkte jobb i Rein Design fordi eg ønska å komme inn i eit miljø der ein føler seg «heime». Når ein har kollegaer som jobbar opp mot same felt, får ein meir input på det eg spesifikt jobbar med. Eg ser fram til å jobbe i eit fagmiljø som utfyller og oppmuntrar kvarandre, seier ho og fortel at ho er særs engasjert i faget sitt.
– Eg brenn verkeleg for faget, og blir motivert av tempoet som oppstår etterkvart som marknaden tilpassar seg gamle og nye vanar hos forbrukarar. Eg har elska å følge utviklinga som har skjedd digitalt siste åra.

– Vi har vore på jakt å styrke vår kompetanse innan digital marknadsføring ein tid no. Tilsettinga Tone gjer at vi no får særs god kompetanse på dette, som både kjem kundane våre og Rein Design til gode. Vi gler oss til ho byrjar i august, seier dagleg leiar i Rein Design, Ole Jonny Klopstad.