Stilling ledig – grafisk avdeling!

Har du lyst å jobbe saman med ein gjeng med brei kompetanse innan kommunikasjon?

Vi har stor kundepågang og har difor behov for eit ekstra grafisk hovud i vår grafiske avdeling!
Rein Design har no eit 6-månaders vikariat ledig for ein flink, rask og engasjert designar, gjerne med interesse for web og digitale løysingar.

Om du er rett person, er det store muligheiter for fast jobb. Oppstart etter nærare avtale.
Send søknad med arbeidsprøver eller link til portfolio til ole@reindesign.no (merk med “Søknad grafisk designar”) eller ring 95 93 99 99.

Vi ser fram til å høyre frå deg!