Vil du leige/leike med oss?

Rein Design er eit kommunikasjon – og designbyrå lokalisert med vårt hovudkontor på Øyrane 3A i Førde. Vår gode samarbeidspartner Mediebruket skal fysisk flytte inn i Peak Sunnfjord. Det gode samarbeidet vårt vil bestå, men det betyr at vi no disponerer deira gamle kontorareal frå 1.mars. Det arealet har vi lyst å fylle med nytt liv og folk vi kan leike godt saman med.

Om du jobbar med tekst, kommunikasjon, foto, film, drone, web, grafisk design, eller du er ein leiken arkitekt, eller ein litt rocka rekneskapsførar – då har vi ledige kontor/kontorplass frå og med 1.mars. Vi drøymer om eit kontorfellesskap der likesinna inspirerer, gleder og løftar kvarandre til nye høgder.

Moglegheitene er mange: Du kan leige ein enkelt pult, eller du kan leige eit heilt lokale som høver ei bedrift med 6-9 tilsette.
Lokala våre ligg flott til, ved elva Jølstra sin breidd.

Tenk nytt – hiv deg inn i framtida saman med oss.

Gode fasilitetar i form av:
*Store møterom
*Kjøkken
*Toalett/garderobe/dusj

Du kjem til duk og dekka bord: vask, straum og fiber er inkludert i leiga.

Ta kontakt med oss på kontakt@reindesign.no eller 95 93 99 99

Rein Design

Storegården 3A

6800 Førde