Stilling ledig – er du den råaste digitalmarknadsføraren i Vestland fylke?

Rein Design er på jakt etter deg som blir yr av Google Analytics og mo i knea av Google Adwords. Du som har lyst skape og styre marknadsføring til spennande bedrifter!

Rein Design søker etter digitale hovud som skal forme vår digitale framtid. Vi treng deg: Du som har gode idear, likar å selje desse og trivast i ein hektisk kvardag, saman med gode kollegaer og kundar som krev resultat. Passer denne beskrivinga på deg– ja så er du heilt klart ein steikje god kandidat.

Det skjer mykje spennande på våre kantar, med Kinn og Sunnfjord kommune, samt nye Vestland fylke. Rein Design skal ta posisjon som det leiande byrået på digital marknadsføring, kommunikasjon og profilutvikling. Om du har lyst å vere drivande i den utviklinga – ja så er du ein enno betre kandidat.

Kontorstad er der det passar best for deg og kundane våre, men helst i Førde eller Florø.

Lønn etter avtale.

Spennande?

Ring oss på telefon 95 93 99 99, eller send ein søknad til
ole@reindesign.no

Søknadsfrist: 31.01. 2019