Møt Elin – vår nye designar og innhaldsprodusent

Vi går inn i desember og førjulstid med ei gåve til oss i Rein Design og ikkje minst våre kundar: Vi har gleda av å ønske Elin Margrethe Sørbø velkommen til oss.

Med studiar frå «Byen under skyen» og «The land Down Under» fullførte ho i sommar sin bachelorgrad ved Griffith University Gold Coast. Hun har no vendt tilbake til kjente trakter og er klar for nye utfordringar.

Elin er ein drømmar med hjarte for design. Ho er målretta, engasjert og siktar høgt. Det er kanskje ikkje så rart når ein kjem frå Eikefjord, med mottoet «vi kan, vi vil og vi får det til». I 2017 fekk ho «Årets Gullspire» ved Høgskulen Kristiania, avdeling Bergen. Ein pris som blir tildelt ein avgangselev som har utmerka seg innan sitt fagfelt.

24-åringen trekk ikkje berre ned gjennomsnittsalderen som den yngste i teamet, ho bidreg også̊ med nye idear og eit nytt, friskt syn. Med framtidsretta blikk jobbar vi stadig med å utvikle oss sjølv, og med Elin på laget er vi klar for det framtida bringer.

Vi er inne i ei spennande tid med gamle og nye kundar, ny-satsing i Florø og spennande avdeling her i Førde. Med mange idear på lur gleder vi oss til og avslutte året saman og ta fatt på det nye.