Rein Design laga logoen til Larris Scene

Då Scandic Sunnfjord Hotel & Spa skulle lansere sitt nye utelivskonsept Larris Scene, Larris Bar og Bartine Bar trengte dei ein visuell profil som kunne knytte det heile saman. Dei ønska ein tydeleg identitet som kunne fungere på ulike flater. Denne kjekke oppgåva gjekk til Rein Design.

Lærerik oppleving
Logoprosessen starta med ei designøving i lag med kunden, der Rein Design fekk ein gjennomgang av konseptet og korleis tilbodet er tilpassa ulike målgrupper. Vi fekk vite meir om kva assosiasjonar dei ønska å knytte til identiteten til den nye klubbscena.

– Det er første gang eg har vore med på ei designøving i samband med å skape ein ny logo. Det er jo ikkje det vi gjer oftast på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa. Vi er meir vande med å tenke interiør og praktiske utfordringar, smiler Odd Erik Gullaksen, direktør på hotellet.
– Det var ei svært spennande øving å vere med på, og ikkje minst ei annleis og lærerik oppleving, som utfordra oss.
Men om det var uvant å gjere designøvingar, var det ei kjekk oppleving for Gullaksen og teamet hans.
– Vi har hatt eit kjempespennande samarbeid med Rein Design. Eg opplevde dei som ein veldig kreativ, «påslått» organisasjon. Rett og slett ein særs kompetent gjeng. Vi fekk veldig god oppfølging undervegs.

Tankar og symbolikk
– I starten av prosjektet jobba vi med å skaffe oss innsikt i utfordringar og problemstillingar for hotellet, vi gjorde research og prøvde å avklare kva som var kjernen i konseptet, seier grafisk design-teamet Trude Tenold og Heidi Gloppen. – Målgruppa er vid, og i tillegg til å vere ei kulturscene med mange ulike tilbod, er det ein uteplass som dei håpar vil trekke både studentar og folk flest heile helga. Ønsket frå kunden var ein innovativ, overraskande, leiken og frisk profil som skulle treffe både eit yngre og eldre publikum. – Vi fann at felles for alle aktivitetane som lokalet vil romme, vil vere lyd. Det blei eit viktig stikkord for oss. Bokstavane i namnet formar logosymbolet, som spelar på rytme eller spakane på eit lydbord. Lyden går i taket og sprenger ytterforma. Formene kan i tillegg gje assosiasjonar til eit konsertpublikum som strekker hendene mot scena, lydveggane i lokalet og det at Larris er samansett av fleire ulike soner og rom. Ytterforma spelar på den arkitektoniske utforminga av nybygget. Det har vore eit spennande og utfordrande oppdrag, og vi håpar vi får vere med vidare på utviklinga av konseptet, seier Rein Design-kvartetten.

Thomas og Eva kasta glans over opninga. Foto Øyvind Schramm

Godt nøgd
– For oss var det viktig at logoen vart spennande, og spegla det innovative prosjektet Larris Scene. Og at den fanga opp at vi både er ein uteplass og ei kulturscene, og snakkar til dei ulike målgruppene våre. Og så var det viktig for oss å knyte saman dei tre konsepta på ein god måte. Frå start av utfordra Trude og Heidi oss i høve logoen. På dette med at vi måtte tenke gjennom konseptet vårt og kva assosiasjonar og tankar vi ønska at logoen skulle gje folk. Det set eg veldig pris på, seier Gullaksen og fortel at han er svært nøgd med sluttresultatet. – Rein Design leverte ein fantastisk logo, som er veldig gjennomtenkt og gjennomført. Vi likar den særs godt, og får gode tilbakemeldingar på den. Den fungerer både internt, ut mot folk, på ulikt materiell og på sosiale medium.

God stemning på Larris Scene. Foto Thor-Aage Lillestøl/Photoevent.

Suksessopning
Larris Scene opna for fulle hus helga 25.–26.august, og Rein Design samarbeida tett med R-Profile for å få på plass skiltløysingar til opninga. – Vi har hatt ei travel og fin veke, slår Gullaksen fast. – Konserten fredag 25. var utselt alt på tysdagen same veke. Det var veldig mykje folk, god stemning og scena fungerte veldig godt. Folk var happy. Det same gjaldt for laurdagen. Det var mykje folk ute, og veldig gode tilbakemeldingar, både frå gjestar og artistar. Så vi er utruleg godt nøgde, og ser fram til ein hektisk og kjekk haust, med små og store arrangement kvar helg.