– Vi likar å leike med flinke folk

Når reiselivsbedrifta Villa Åmot fortel verda om kva dei held på, med nyttar dei fotografar, tekstforfattarar og interiørdesignarar for å sikre eit best mogleg resultat.

Steinar Sørli kontakta Rein Design då Åmot Operagard skulle bli Villa Åmot i fjor. Dei hadde behov for ei pressemelding om dette, samt tekstar til si julesesong-satsing. – Vi likar å leike med folk som er flinkare enn oss på det som ligg utom kjerneverksemda. Alle delar i ei merkevare heng saman. Ein blir ikkje betre enn den svakaste leddet. Dette har vi eit bevisst forhold til. Vi ønskjer å konsentrere oss om det vi er best til: å vere vertskap på Villa Åmot. Og vi ønskjer å kommunisere med omverda via god grafisk design, vakre bilete og gode tekstar som fortel historia om Villa Åmot og det vi driv med. Beskrivande og presise tekstar som formidlar stemninga her er viktig – det gjev folk lyst til å vitje oss. Difor nyttar vi dyktige folk til dette.

Tekstforfattar Roy Sunde laga tekstane dei ønska, og kjemien mellom han og vertskapet, Steinar Sørli og Yngve Brakstad, var god. Så når Villa Åmot skulle ha ny nettside fall valet på han til tekstarbeidet. Prosessen byrja med møte på Villa Åmot, for å bli kjent med kunden sine behov og ønskje. Det gjer det lettare å finne stemninga og rette tonen. Omvising på Villa Åmot med deira interiørdesignar Gunvor Røkholt, gav inspirasjon til arbeidet.
–Vi oppdaga raskt at Roy har ei stemme vi hadde lyst å nytte. Han fangar ting fort og greier å gå inn i felt han ikkje kjenner godt frå før, i dette tilfellet interiør, og finne kjernen, seier Steinar. – Han skriv med ein rytme og stil vi likar, og ”krydrar” tekstane språkleg.
– Det er kjekt når folk utanfor kjem inn og ser Villa Åmot med friske auge. Det er med på å løfte oss litt ut av ”kvardagståkeheimen”. Det var ein kjekk prosess å jobbe fram tekstane, og vi er veldig nøgde med resultatet, avsluttar han.
Har du behov for teksthjelp?
Kontakt Rein Design for ein uforpliktande samtale. Vår jobb er å skrive det du treng – når du treng det!