Sunnfjord Næringsutvikling – nytt namn, ny visuell identitet og ny nettstad

I fjor byrja Sunnfjord Næringsutvikling prosessen som munna ut i nytt namn, profil og nettstad. Samarbeidspart vart Rein Design. I januar 2017 lanserte dei si nye innpakking.

– Prosessen byrja med at vi såg at profilen vår hadde gått ut på dato. Vi ville ha ein friskare visuell identitet som viser kva vi held på med. Vår jobb er å vere med å utvikle Sunnfjord, med særskilt fokus på næringslivet. Nettstaden vår var også dårlig. Tung å manøvrere i og jobbe med, seier Rolf Sanne-Gundersen, dagleg leiar i Sunnfjord Utvikling, om bakgrunnen for at han kontakta Rein Design. – Første møtet med Rein Design var våren 2016. Eg kontakta dei fordi vi har samarbeidd med Rein Design tidlegare, og sett arbeid dei har gjort. Vi visste at dei har flinke folk som kan levere. Kjennskap til ei bedrift og folka som jobbar der er ein fordel i slike prosessar.

Foto: Harald Mikal Halvorsen

Grundig prosess
Prosessen frå første møte til lansert visuell identitet og nettstad tok cirka eit halvt år. – Samarbeidet med Rein Design var veldig bra. Men eg er ein utålmodig mann, heile tida, og likar at ting skjer kjapt. Derfor tykte eg det tok vel lang tid, smiler han og legg til at det nok var nødvendig. – Vi er veldig nøgd med det Rein Design har skapt til oss. Den visuelle identiteten, det nye namnet og nettstaden fungerer veldig godt, og vi får mange positive tilbakemeldingar.

Fagfolk løftar sluttresultatet
Rein Design var involvert i namneendringa, utvikla ny visuell identitet, sette den i verk på profil- og presentasjonsmateriell og laga profilhandbok. I tillegg sto dei for webdesign, medan Mediebruket bygde nettstaden. – For oss og andre er det ein klar fordel at vi har lokale selskap som tilbyr slike tenester frå eit og same hus, slik Kommunikasjonshuset Riksvegfem gjer. Mediebruket og Rein Design m/fleire held til under same tak, og vi brukte fotograf David Zadig som også har kontor i det same fellesskapet, seier Rolf – Ville du anbefalt Rein Design til andre?
– Ja – og det har eg gjort også, seier han. – Vi fekk ein visuell identitet vi er nøgde med, laga av Rein Design. Og vi fekk løyst våre behov på ein profesjonell måte lokalt. Særleg ros til grafisk designar Trude Tenold som laga støtteelement til logoen som er spennande og interessant.

Spennande oppdrag
– Fundamentet til tankane bak logo og støtteelementet er nøkkelordet «utvikling», der logoen gir assosiasjonar til vekst, i form av eit stigande stolpediagram. Logoen har óg i seg eit mangfald av pågåande prosjekt i ulike stadium – nokre er i startgropa, andre har komme lenger. Og som musikkens equalizer kan logoen gi assosiasjonar til rytme, puls og rørsle. For logoen representerer eit firma som ikkje står i ro – Sunnfjord Utvikling er i stadig driv framover, seier Trude Tenold, – og det har eg prøvd å formidle i den nye visuelle identiteten.
– I tillegg til logo har eg utvikla eit støtteelement der equalizeren frå logoen vekselvis visualiserer fjell, fjord, og ein meir urban horisont. Sunnfjord oppsummert, med andre ord. No drøymer eg om å få animere logoen, håpar det blir neste fase, smiler Trude.
Sjekk ut Sunnfjord Utvikling si heimeside her:

www.sunnfjordutvikling.no/

Foto: David Zadig

Foto: Harald Mikal Halvorsen

Foto: Harald Mikal Halvorsen