Rein Design laga logoen iFørde-magasin

Då Førde Industri- og næringssamskipnad (FINS) skulle gje ut magasinet iFørde, fekk Rein Design oppdraget med å gje magasinet form og innhald.

– Det er fleire årsaker til at vi gir ut iFørde-magasinet. Vi i FINS syns jo Førde er ein veldig fin plass. Det vil vi at andre skal få høve til å oppleve, og vi ville formidle tilboda og aktivitetane vi har. Ein del av dei er underkommunisert, så eit av måla med magasinet var å opplyse om ulike tilbod. Eit anna mål var å fortelje folk at i år skjer det ekstra mykje i Førde, blant anna i form av Tour des Fjord i mai, Førdefestivalen og Landsskyttarstemnet i juli og den nye festivalen Trøkk n’Truck i august, seier Geir Opseth, styreleiar i FINS.

Gjennomtenkte løysingar
FINS henta inn tilbod på oppdraget med å produsere iFørde. Prosjektet var omfattande, og besto av både sal og produksjon av annonser, redaksjonelt stoff, samt design og layout av magasinet.
– På pris var det ingen skilnad på tilboda som kom inn til oss. Men Rein Design skilte seg ut med ein godt gjennomtenkt plan for salet av annonser og samla finansiering av iFørde. Å få på plass finansiering var særs viktig, og nøkkelen til å kunne gje ut dette magasinet, seier Opseth.
God rutine
Geir fortel at han var viss på at iFørde var i gode hender hos Rein Design.
– Vi visste at dei har mykje rutine på magasinproduksjon, blant anna frå førre runde med iFørde-magasinet for fire år sidan. I tillegg har dei erfaring med journalistikk, distribusjon, sal og magasinlayout frå 14 år med Fylkesmagasinet. Vi visste Rein Design ville komme i mål på ein god måte, og at dei kunne handtere løpet frå idé til ferdig produkt i 31.000 postkassar i Sogn og Fjordane.

Godt samarbeid
Opseth og resten av FINS gjekk inn i prosessen med gode tankar om kva dei ønskte seg, men dei gav Rein Design vide råmer å jobbe innan.
– Samarbeidet undervegs fungerte veldig bra. Vi fekk gode avklaringar undervegs, blant anna via gode, korte møter der ein slo fast kven som gjer kva, samt oppdateringar på kva som er gjort og kva som står att. Det gjorde sitt til at moglege friksjonar og frustrasjonar effektivt vart rydda av vegen. Samarbeidet møtte ingen utfordringar undervegs, og det er vi jo veldig godt nøgde med, smiler han.

Flott resultat
Med fasiten i postkassane fylket rundt, sa FINS seg særs nøgd med magasinet sitt.
– Vi er veldig godt fornøgd med produktet Rein Design leverte. Magasinet fekk ei god samansetting av innhald, med gode presentasjonar av Førde, og dei tilbod og aktivitetar ein fin her. Dette var det vi var mest opptekne av. Det vart eit smakfult magasin, som viser fram Førde på beste vis, avsluttar Opseth.
Her kan du lese magasinet digitalt
https://issuu.com/informmedia/docs/iforde_01-17_issuu