Rein Design laga nettside for O. Drage

Skal ein bli skikkeleg god til noko, må ein fokusere på det. I 45 år har O. Drage AS og O. Drage Entreprenør hatt fokus på å bygge heimar og næringsbygg, noko dei er særs gode til. Men no var tida moden for å få si eiga nettside.

Foto: David Zadig

– Å vere til stades digitalt er blitt stadig viktigare, og er nesten eit krav i dag. Faktisk kjøpte vi domenet drage.no for 15 år sidan for å sikre det. Så eigen nettstad var vel litt på overtid, ler dagleg leiar Jørgen Drage.
– I tillegg skulle vi i gang med eit større bustadprosjekt, Atriumhagen, som skulle ha si eiga nettside. Difor fann vi ut at vi skulle ta dette grepet no, seier han og fortel kvifor valet landa på Rein Design.

– Når vi først skulle få oss ei nettside, ønskte vi å samarbeide med nokon som hadde gjort ein god jobb på tilsvarande oppdrag. Eg hadde sett arbeid dei hadde gjort for andre, og eg har tidligare erfart at Rein Design er ein kreativ og flink gjeng. Eg hadde trua på at dei skulle løyse dette på beste vis, seier Jørgen.

”Pakke-løysing”
Å bygge nettsider overlappar med mange av oppgåvene Rein Design driv med til dagen. I dette tilfellet omfatta oppdraget både det å sette opp og gje nettsida form, men også å skrive tekstar og få på plass gode bilete.
– Å bygge ein nettstad er kjekt arbeid, og desto meir så når ein i tillegg får krydra det tekniske og visuelle med beskrivande tekstar, intervjue grunnleggaren av bedrifta om historia til firmaet – og ikkje minst tenke visuelt i høve foto i tillegg– Og så er det kjekt å jobbe med ein tydeleg kunde, som gir gode tilbakemeldingar og er bevisst på kva han vil ha. Vi fann rask tonen, seier Roy Sunde i Rein Design.
– Samarbeidet med Rein Design, var veldig bra. Dei tilrådde oss også å legge litt ekstra i det å sikre seg gode bilete til heimesida, og føreslo å nytte fotograf David Zadig. Det var eit veldig godt grep. Det første kona mi sa når eg viste ho sida var at dette er veldig bra bilete. Det kosta litt, men det viser også att i form av kvalitet, seier Jørgen med glimt i auget.
– Eg er veldig nøgd med nettsida vår, og med jobben Rein Design har gjort. Faktisk har eg anbefalt dei til andre også. Fordi dei er kreative, flinke og ikkje minst tilgjengelege. Når eg sende epostar eller ringte fekk eg alltid rask respons. Det er viktig for meg som kunde.

Sjekk ut heimesida her:
www.drage.no/