Marknadsføring som fungerer

Nyleg kom Bilpleiehallen i Førde til Rein Design med ønske om å lage ein heilskapleg marknadsføringsplan som skulle bidra til vekst i 2017.

Foto: David Zadig

– I 2015 vart eg invitert til eit Amedia sin årlige luftefiskmiddag, den gang på Villa Åmot, som samla det meste av marknadsføringskompetanse her om kring, frå lokalmedia og ulike reklamebyrå, blant anna Rein Design. Der var det eit foredrag om den nye mediekvardagen. Medan eg høyrte på kverna eitt spørsmål i hovudet: Kven av desse sit med fasitsvaret på korleis vi skal marknadsføre oss framover? Medieverda er i rask endring, verdien av marknadsføring i lokalaviser er fallande og digitaliseringa aukande og det dukkar stadig opp nye plattformar og metodar. Korleis nå fram i denne nye verkelegheita? Vi hadde byrja å marknadsføre oss på Facebook, og marknadsførte oss framleis i aviser, men vi såg at ein måtte tenke nytt, seier dagleg leiar i Bilpleiehallen, Stein Kjetil Holvik.

Ny marknadsføringskvardag
– Vi prøvde litt av ”alt” i 2016, og hadde delvis suksess. Omsetnaden auka, men marknadsføringa vart for dyr i høve omsetnadsauken. Vi såg at det var beinhardt å gjere dei rette grepa, samt klare å følgje med på marknadsføringa i den digitale sfæra. Difor ønska vi eit samarbeid med nokon på dette, seier Holvik.
– I desember 2016 kontakta eg Joachim Vie hos Rein Design. I fellesskap laga vi eit marknadsføringsbudsjett for Bilpleiehallen, og la ein plan for kva dei kunne hjelpe oss med. Målet var ein heilskapleg marknadsplan for 2017. Det omfatta marknadsføring på ulike flater, ny heimeside og ei styrking av vår kommunikasjon ut mot kundane våre, seier han. – Rein Design leverte tekstarbeid, marknadsføringsplan og ny nettside, samt hyrte fotograf David Zadig til å ta bilete til nettside og marknadsføringsmateriell, fortel han.

Underkommunisert
Ein av tinga som skilte Bilpleiehallen ut som aktør var den lange historia. 30 års erfaring med bilpleie gav stor fagleg tyngde og fagkunnskap. Bedrifta har høg kompetanse og driv vaskekte handverk, og er særs opptekne av å levere best moglege tenester til kundane sine. Dette ønskte dei i sterkare grad å kommunisere ut til kundane.
– Vi har alltid vore opptekne av å levere tenester av høg kvalitet, og av at det vi driv med er handverk som krev høg kompetanse, dyktige tilsette og gode lokale produkt. Vi er ein seriøs aktør, som nærmar oss 31 år i faget. Vi ville fortelje kundane at når dei vel oss, så ligg det eit løfte i det til dei: Ein garanti for eit god resultat, kvar gong.

Vekst i 2017
Den beste målestokken på om noko fungerer, er om det viser att i rekneskapen.
– Så langt i 2017 har dette fungert veldig bra. Utviklinga vår er positiv, og vi får gode tilbakemeldingar frå kundane. Vi får betre fram at vi er ei seriøs og profesjonell bedrift, og det viser att i rekneskapen i form av aukande omsetnad og betre resultat. Vi sel tenestene våre til riktig pris, fordi vi betre greier å kommunisere ut at vi driv med handverk og at vi leverer kvalitet, seier han.
– Eg er godt nøgd med arbeidet Rein Design har gjort for oss, og anbefaler dei gjerne til andre. Vi kjem til å samarbeide med Rein Design i framtida også. Så framt dei greier å følgje utviklinga vidare også. Verda er i endring, ein må henge med, seier han med glimt i auget.
Joachim Vie, som leia prosjektet frå Rein Design si side, fortel om eit spennande oppdrag.
– Stein Kjetil er ærleg og seier beint fram kva han måtte meine. Han driv eit selskap som verkeleg kan bilpleie, saman med tilsette som er opptekne av å gjere ein god jobb. Han har alltid gjeve oss stort spelerom og er tydeleg på når ting fungerer – eller ikkje fungerer. Det er enkelt å ta i mot kritikk, og ekstra kjekt å få ros, når ein veit at ein har hatt hand om heile løysinga.

Sjekk ut den nye heimesida til Bilpleiehallen her:

Bilpleiehallen