Atriumhagen – unikt og omfattande oppdrag
Då selskapet O. Drage AS skulle i gang med Atriumhagen, eit unikt og spennande bustadprosjekt i Førde, var dei på jakt etter nokon som kunne levere salsmateriell som sto i stil med bustadane. Det fann dei i Rein Design.
– Atriumhagen er typisk slike oppdrag vi synest er spennande å jobbe med. Det å kunne vere med frå starten, med planlegging og gjennomføring, til sluttføring av dei ulike delane i eit relativt omfattande oppdrag er fantastisk kjekt. Å bli involvert i heile prosessen, der ein diskuterer seg fram til det vi trur og meiner er beste løysingane, både når det gjeld innhald, utsjånad og val av ulike marknadsføringsplattformer, gjev grunnlagt for at sluttresultatet skal bli bra, seier Tore Fossen.
– Samarbeidet mellom arkitekt, utbyggar og salsansvarleg var veldig godt, og når alle partar jobbar mot eit felles mål, som i dette tilfellet var å få ut informasjon om Atriumhagen, blir som regel sluttprodukta bra også.
Fire partar som leverte
Prosjektet Atriumhagen hadde fire partar som skulle samarbeide så saumlaust som mogleg: arkitektselskapet Xform, Eigedomsmekling Sogn og Fjordane ved Pål Anders Karstad, O. Drage AS og Rein Design ved Tore Fossen, Roy Sunde og Heidi Kårstad Gloppen.
– Desse fire selskapa hadde eit veldig godt samarbeid, og alle leverte på sine område. Då blir sluttresultatet veldig bra også. Eg er veldig nøgd med både det fysiske prospektet og nettsida. Alt som vart produsert er veldig bra. Det får eg også tilbakemeldingar frå andre om. Eg er i særs godt nøgd med arbeidet Rein Design har gjort, og ikkje minst samarbeidet med dei.
Det er først på slutten av eit prosjekt, når ting ”hardnar til” at ein merkar om det er kvalitet på arbeidet og samarbeidspartane ein har valt. Og det var det. Når eg sende ein mail eller melding til Tore, så fekk eg alltid rask respons, og ordna opp i den aktuelle problemstillinga. Kvar einaste gong. Det er viktig for meg som kunde, og noko eg likar veldig godt. Difor har eg også anbefalt Rein Design vidare til andre også, fordi dei er dei er kreative, flinke og ikkje minst tilgjengelege.
Sjekk ut nettsida:
www.atriumhagen.no/