Proresult fornya seg – og fekk flott heimeside

Hausten 2016 skulle selskapet ProResult AS i Førde ha ny nettstad. Rein Design fekk oppdraget med å lage webdesign, tilpasse sidene og utvikle profilen deira.
Bjørn Erik Kringstad vart tilsett som forretningsutviklar i Proresult i 2016.
– Då eg kom på bana starta vi ein intern strategiprosess. Tida var mogen for å fornye oss, slik at Proresult sto fram som eit moderne selskap. Vi hadde gått oss litt fast – og ville byrje på nytt. Vi fekk definert våre verdiar og kven vi er som selskap, og sat att med tydelege ønske om korleis vi ville framstå, seier han.

Bjørn Erik Kringstad og dagleg leiar Andreas Haug er særs nøgde med Proresult sin nye nettstad

Samarbeid som utvikla seg
Rein Design har produsert brosjyrar og diverse materiell for Proresult. Dei fekk oppdraget med å fornye logo og friske opp profilen til Proresult med ny fargepalett, samt ansvar for design av ny nettstad. Forholdet gjekk inn i ei ny fase, der Rein Design vart brukt som rådgjevar. – Difor sjekka vi referansane på tilsvarande arbeid. Der er det mykje bra, blant anna har dei laga webdesign for CrediCare, seier Bjørn Erik. Tidleg i prosessen sto gode møter og samtalar sentralt. Profil og nettstad er ei bedrift sitt ansikt mot verda. Då er det viktig at ein forstår bedrifta ein jobbar med. – Rein Design fekk stort handlingsrom og førsteutkastet til nettstad trefte veldig bra. Der låg 70 prosent av sida som den vart. Rein Design forstod kva vi ville ha. Å ha ein hovudkontakt, som verkeleg er inne i materien, var nyttig for oss. Heidi Gloppen stod for utviklingsarbeidet og ho fanga kven vi er som bedrift. Sida vart særs bra, og veldig annleis enn den gamle, både i høve utsjånad og funksjonalitet.

Bjørn Erik Kringstad, forretningsutviklar i Proresult

God sparringpartner
Ein viktig del av prosessen er å gje kunden gode råd undervegs, basert på fagkunnskap. Det handlar ikkje berre om å skape noko pent. Nettstida skal fungere, gjere det enkelt for kundar å forstå kva selskapet tilbyr og generere leads på potensielle kundar til Proresult. – Rein Design var ein viktig rådgjevar og sparringpartner i høve å finne ut kva som er viktig, mogleg, og kva som kan generere sal. Dei kom med råd til oss om å bruke pengar på gode bilete, og tilrådde fotograf David Zadig. Det var eit riktig grep. Bileta er eit berande element på heimesida, i tillegg til design. Det kosta litt, men det løfta oss til det nivået vi ville vere på, seier han. I slike prosessar dukkar det ofte opp utfordringar ein må ta stilling til. Då er det viktig å ha rom for å ta ein timeout – og løyse desse. – Ei utfordring vi såg undervegs var at våre produkt var litt diffuse for kundane: Kva sel vi, og korleis forklare dette enkelt? Pakkinga av produkta hadde vi tenkt å ta seinare, men Rein Design utfordra oss på dette, og på å gjere språket enklare og tydelegare. Vi såg at vi ikkje kom i mål utan å ta tak. Jobben som vart gjort på prisprofil og pakketering av produkta våre er vesentleg. Det er sjølve ”navet” på sidene, fortel han.

Slik ser sida ut på ein telefon

Nyttig å ha lokale samarbeidspartar
– Ville de valt Rein Design igjen? – Utan tvil. Vi er veldig nøgde. Det og godt å ha ein lokal samarbeidspart. Ein kan ta mykje via telefon og mail, men det er så bra å kunne sette seg ned med ein kopp kaffi og snakke fjes til fjes. Som bonus laga Rein Design ei ny brosjyre til oss på tampen av nettsideprosjektet. Vi vil nytte Rein Design meir aktivt i 2017, både til å lage materiell og i form av rådgjeving. Vi planlegg no annonsering i 2017, der vi brukar Rein Design til planlegging, rådgjeving og produksjon av annonser og messemateriell.

Fakta:
Teknologiselskapet Proresult AS har base i Førde. Dei utviklar programvare for timeregistrering, med bygg- og anleggsbransjen som største kundegruppa. Selskapet har sju tilsette, og har hatt fin utvikling siste tida. I 2016 kom dei på tredje plass blant Gaselle-bedriftene i Sogn og Fjordane. For tida er dei er dei på jakt etter to nye personar, ein seljar og ein systemutviklar.