Lokal skreddarsaum

Då CrediCare AS skulle ha ny nettstad, gjekk dei for skreddarsaum. Mediebruket har programert og bygd nettstaden, Rein Design står for webdesign og profilarbeidet.

– Vi kom i kontakt med Rein Design like før jul 2014. Raskt byrja vi å snakke om eit totalsamarbeid på profil- og marknadsmateriell. CrediCare ønskte også på sikt ein ny visuell identitet og å modernisere seg på nett, seier Tine Okstad Vie, sals- og marknadskoordinator i CrediCare AS.

Jobben med ny nettstad byrja hausten 2015, parallelt med planlegginga av CrediCare sin nye visuelle identitet. Det var litt overlapping mellom desse to prosessane. Web-design er lettare å løyse når ein også jobbar med overordna profil. Samtidig er det eigne krav og utfordringar på utforming av ein nettstad som ein må tilpasse seg, seier Okstad Vie.

Hektisk innspurt –problemfri lansering
– Designskisser vart laga i mars 2016. Mediebruket byrja å bygge og programmere sida i august. Vi hadde dei to siste vekene i september til å få innhaldet på plass, så vi hadde litt press på oss. 4. oktober var sida på nett. Det var hektisk for alle partar dei vekene det sto på, smiler Tine, med mykje som skulle på plass, og mange avgjersler på kort tid. Men det gjekk overraskande bra. Alle partar la ned veldig godt førearbeid før sommaren. Ein ønskjer jo at ting skal gå fort, men slike prosessar tek tid. Det skjer alltid uføresette ting, men Mediebruket og Rein Design nyttar prosjektstyringsverktøyet Trello. Det fekk oss gjennom hektiske veker med trekantsamarbeid utan problem. Alle visste kven som hadde gjort kva, og kva som venta, utan at vi måtte maile eller ringe og styre.

Tine Okstad Vie viser fram den nye portalen til CrediCare AS

Godt samarbeid
– Vi er særs nøgde med Rein Design og Mediebruket. Rein Design var involvert i alt på nettsida: Profil, webdesign, innhald og ikon. Dei var også ansvarleg for bileta, i samarbeid med fotograf David Zadig. Heimesida er skreddarsydd. Den vart akkurat slik vi ville ha den.
– Det er eit stort pluss for oss å ha lokale samarbeidspartar. Ei årsak til at vi bytte nettleverandør var at det førre firmaet heldt til i Oslo. Dei er kjempedyktige, men vi følte dei var for langt vekke. Rein Design og Mediebruket er nærare – og samlokaliserte.
Heidi har leia arbeidet med ny profil og web-design frå Rein Design si side.
– Vi har jobba veldig tett. Om du ser på telefonloggen min, er Heidi den eg ringer oftast mellom 8 og 16, ler Tine. – Heidi er kjekk å jobbe med, fordi ho ”forstår” CrediCare og veit kven vi er som bedrift. Ho er oppteken av deltaljar, utan å misse heilskapen av syne. Det er ikkje alltid vi har rett, og Heidi er ikkje redd for å seie i frå om ho er ueinig. Ho seier ikkje ja berre for å bli ferdig, men er opptatt av vårt ve og vel, og legg alltid ned ein grundig jobb. Vår kontakt på Mediebruket, Håvard Grimelid, er også veldig dyktig og løysingsorientert – og ikkje minst har han vore veldig tålmodig med meg, smiler ho.

Leiande aktør

Dagleg leiar i Rein Design, Joachim Vie, fortel om eit spennande og breitt samarbeid.
– CrediCare er eit stort selskap med hovudkontor her i Førde. Dei er ein leiande aktør i Norge innan betalingsløysingar og betalingsoppfølging. Dei utviklar teknologi som snakkar med dei mest brukte systema som legar, tannlegar og treningssenter nyttar. No har dei lansert ein betalingsautomat for legar og sjukehus, som i høve til design- og brukarvennlegheit manglar sidestykke. Dei arrangerer Tren-seminaret, som samlar heile treningssenterbransjen i Norge. CrediCare er ekstremt framoverlente og utfordrar oss heile tida, både fagleg og på arbeidskapasitet. CrediCare kunne lett vore ein kunde hos eit stort nasjonalt byrå, men dei nyttar ein lokal leverandør – og det står det respekt av. Den utfordringa set vi pris på og vi strekk oss langt for å levere. Den nye profilen, som er utvikla av Heidi Gloppen, og websida, programmert av Håvard Grimelid i Mediebruket, viser at vi lokalt kan levere på eit høgt nivå.
Her kan du sjølv sjekke ut nettstaden.
credicare.no/