Lidenskap, engasjement og kunnskap

I dag skal vi skryte av to gründerar: Steinar Sørli og Yngve Brakstad Leknes. Dei har alltid leia an satsinga si med hjarte og sikta mot stjernene – og dei har lukkast. No satsar dei frisk vidare under namnet Villa Åmot.

Om du vurderer å starte ei mat-, kultur og overnattingsbedrift bør du nøye vurdere lokalisering i høve marknaden. Og satse på kulturtilbod mange vil betale for. Miming har sine tilhengarar – men er ingen suksessfaktor i Sunnfjord. Maten bør ligge i skjeringspunktet mellom kvalitet og betalingsvilje. På 80-talet dreiv ein no kjent kokk gatekjøkken i Førde. Det gjekk gjetord om hamburgaren dei laga sjølv av oppmålt biffkjøt. ”Den var god, men vi tapte nok femti kroner per hamburgar vi selde”, sa han seinare. Fornuftig tenking i alle ledd, og å finne ut kva folk flest vil, og er villig å betale for, er ofte lurt. Så har du dei andre – som siktar mot stjernene, byr på produkt dei brenn for og leverer noko unikt. Som satsar på eit kjøkken basert på lokale råvarer av høg kvalitet, opera og ein byheim-innreia Sveitservilla i Bygstad. Eg snakkar om Åmot-gutane: Steinar og Yngve. I 2005 bestemte dei seg for å gjere ein gammal gard på ”landet” til ein eksklusiv stad for kultur, overnatting og mat av høg kvalitet. Galskap, ville mange seie. Men Steinar og Yngve leverer på høgt nivå på 11. året.

Steinar og Yngve. Foto: Dagrunn Reiakvam

Mange ville kvidd seg på å tukle med merkevara si, og mange har fått negative tilbakemeldingar når slikt er blitt gjort. Rett etter andre verdskrig hadde Coca-Cola cirka 60 prosent av verdsmarknaden i Cola-brussegment. I 1983 var talet 23 prosent. For å møte konkurransen frå mellom andre Pepsi, valte Coca-Cola på å lansere ei ny oppskrift, og fase ut den gamle. I april 1985 kom den nye Cola’en. Den vart møtt med fiendtlege reaksjonar, og tre månader seinare var originalen tilbake i butikkane. Men å skifte namn til Villa Åmot er ikkje å tukle med merkevara til Åmot. For dei sel verken gardsdrift eller opera. Dei sel opplevinga av det gode liv på landet: landleg idyll og bylivets gode: strålande mat, godt selskap og kultur – hos eit vertskap som kan faget til fingerspissane.
Eit besøk på Åmot gjev kjensla av å oppleve noko utom det vanlege. Å få meir enn du ventar. På Villa Åmot trer du inn i den gode kjensla av å vere velkommen. Av å bli sett, sett pris på og behandla som ein kjær gjest. Du får også ta del i historia på Åmot – formidla av historieforteljaren Steinar. Familiehistoria på Åmot starta for alvor då Søren Aamot, Steinar sin oldefar, bygde sveitservillaen i 1890. Her samla familien seg i fem generasjonar. Steinar og Yngve tok stafettpinnen etter tante Rollaug – den siste mjølkebonden på Åmot – som gav Åmot-gutane malen for godt vertskap: Å yte det vesle ekstra. Ikkje fordi du må, men fordi du bryr deg. Rein Design har eit breitt forhold til Villa Åmot: Vi har samarbeidd med dei, vi leverer marknadsføringstenester og vi har vore gjester der. Det som alltid slår oss er kor dyktig dei er. Også til å søke samarbeid på felt som ligg utom deira kjerne. Anten det er fotografar, interiørdesignarar eller reklamefolk. Heller enn å tenke ”det har eg ikkje gjort”, eller ”det klarer eg sikkert sjølv”, hentar dei inn spisskompetanse. Som dei stiller krav til. Når ein samarbeider, og alle får dyrke sin styrke, då blir resultatet bra.

Steinar og Yngve kjem til å lukkast under namnet Villa Åmot også. Fordi alt dei gjer er av ypparste klasse, levert med lidenskap, engasjement, kunnskap og kjærleik for Åmot og for gjesten. Då blir det bra. Vi gler oss til å samarbeide med Åmot-gutane i framtida