Bodskap med rette orda!

– Kvifor skal eg kjøpe innhaldsmarknadsføring? Eller betale for hjelp til å lage tekst? Kan eg ikkje berre hive ut to setningar og eit bilete på Facebook?

Innhaldsmarknadsføring er spennande, spesielt sidan mange bedrifter har Facebook-side med mange følgjarar. Potensialet for å nå mykje folk er stort, om innhaldet engasjerer. Nyleg kontakta Førde Motorsport oss angåande ei slik sak.

– Vi var nysgjerrige på innhaldsmarknadsføring, og likar prøve nye ting. El-sykkel er nytt for folk, så vi ville få i gang ”praten”. Tida er moden for dette, sidan det er mykje fokus på bomring og sykkelbyen Førde no. Vi ville at Roy og Tore skulle sykle opp Hafstadfjellet på Peugeot el-sykkel, seier Rune Soleide på Førde Motorsport. Mange tenker på el-syklar som ”mopedar”. Kunden ville få fram at det er ein sykkel, som ein må trø. Vi meiner ei humoristisk, ærleg framstilling av turen er måten å vise dette på.

Saka “Il tempo og giganten” vart delt på Facebook, og generererte følgjande resultat:

* Facebook-rekkevidde på 14.225.

*1920 las saka. Altså kvar 6. person som såg posten.

*167 likes og 20 delingar.

– Vi var seint ute sesongmessig. Målet var å skape interesse rundt, og få folk til å komme og prøve el-sykkel. Vi merkar at mange har lest saka og snakkar om den, og ein god del kom hit for å prøve. Det genererte også tre konkrete sal, så vi er godt nøgde, seier Rune. Rein Design har tre tekstforfattarar – med over 40 års samla skriveerfaring på ulike felt.
Her er nokre døme på typar oppdrag vi har hatt i det siste:

* Tekstar til folder, heimeside og SoMe for Villa Åmot, og pressemelding om namneskiftet.

* Tekstar til Sogn og Fjordane Teater i høve marknadsføringa av nye teaterstykke.

* Redaksjonelle saker og annonsetekstar til Elvetorget sitt julemagasin.

* Innhaldsmarknadsføring for Enivest til Firda og ulike programhefte.

* Innhaldsmarknadsføring for Bilpleiehallen AS, samt innhald til Facebook.

* Redaksjonelle saker for Ditec Norge.

Kontakt oss i dag – og lat oss sette ord på bodskapen din.