Felles verdiar gjev godt samarbeid

Då Rein Design jakta artist til opningsfesten dei arrangerte for Toyota Førde, enda det også med to konsertar med Eva Weel Skram på Åmot Operagard, som vart filma for fjernsyn av NRK Sogn og Fjordane.

– Kva skjedde eigentleg, Tore Fossen?
– Det byrja med eit ønske om at Eva Weel Skram skulle underhalde på opningsfesten til Toyota Førde. Det hadde ho høve til. Deretter byrja vi å leike med tanken om å få til noko meir. Ideen om ein intimkonsert med Eva på Åmot Operagard kom fort. Vi ønska å halde konserten der, fordi vi måtte ha ein stad som passa til ein artist av Eva sitt kaliber. Både ho og musikken passar godt inn i råmene Åmot Operagard skapar – med sine fantastiske lokale, plassering og vertskap. Vi hadde lyst å skape ei skikkeleg god oppleving, og då høyrer førsteklasses mat og drikke med. Valet var enkelt! Steinar og Yngve er eit fantastisk verkskap, og Åmot har ry på seg for å levere. Tilbakemeldingar frå folk som har vore der er positive. Det er ei fantastisk pakke – og det er kjekt å kunne gjere noko i lag med så dyktige folk.

Godt team – Steinar Sørli frå Åmot Operagard, Tore Fossen frå Rein Design, Stian Sjursen Takle frå NRK Sogn og Fjordane, Joachim Vie, frå Rein Design og Christel Eide frå Mitt lille kjøkken. Foto: Stine Bortheim.

1 pluss 1 vart 3
Det vart både hektiske og kjekke dagar for Steinar Sørli og Yngve Brakstad Leknes då dei vart vertskap for Eva, Thomas Stenersen og den vesle guten deira, pluss ein stor NRK-produksjon.
– Dette høyrdes ut som noko vi hadde lyst å vere med på når Tore inviterte til samarbeid mellom Rein Design og Åmot Operagard. Saman skapte vi då ei unik oppleving i Sunnfjord, som ved eit lykketreff vart filma av NRK Sogn og Fjordane, smiler Steinar.
– Freistar det å finne på liknande stunt Tore?
– Absolutt! Det er kjekt å jobbe med slikt. Dette er litt utanfor det vi driv med til dagen, og det kjem mange positive tilbakemeldingar frå dei som fekk oppleve dette. Det gjev lyst til å jobbe meir med slike arrangement.

Vertskapet på Åmot Operagard – Steinar Sørli og Yngve Brakstad Leknes. Foto: Dagrun Reiakvam.

Felles verdiar
Steinar beskriv samarbeidet som ei kjekk oppleving.
– Rein Design har en del gode verdiar som vi på Åmot Operagard deler. Begge bedrifter er glade i å skape gode opplevingar. Vi likar folka i Rein Design – dei har veldig god energi – og er særs løysningsorienterte. Joachim og Tore, som vi har hatt mest å gjere med, har fokus på dei store linjene når vi går saman om å løyse ei problemstilling.
– Freistar det med meir samarbeid med Rein Design?
– Vi ønskjer å bruke Rein Design til å auke kompetansen vår på kommunikasjon med lokalmarknaden vår, som er Sunnfjord. 99 prosent av våre gjestar er lokale, så det er viktig for oss å ha god dialog med dei. Rein Design har eit godt nettverk med bedrifter i regionen som vi ønskjer å dra nytte av. Saman med dei ønskjer vi å skape gode flater å kommunisere med kundane våre på. Og ikkje minst tilfører dei oss eit nytt nettverk, og kompetanse vi ikkje har.