Det vesle ekstra – og meir enn det

Kva er det som gjer at nokon stikk seg litt ekstra ut i bedriftsfloraen? Når det gjeld fotobutikken Alf Helgheim & Co på Skei er svaret enkelt: eksepsjonell service.

Rein Design har eit 15 år langt gjensidig kundeforhold til Alf Helgheim & Co. Og gang på gang har vi blitt imponere over servicen dagleg leiar og eigar Reidar Helgheim og gjengen yt.

Ny teknologi og endringane i måten vi tek bilete på, har skaka fotobutikkar dei siste åra. Det har aldri blitt teke meir bilete, men vi framkallar færre og brukar ofte mobil å ta bilete med. Store nettbaserte aktørar tek meir av kamerasal-kaka. Marginane er små, konkurransen hard og små fagbutikkar blir skvisa. Då må ein skape sine fortrinn. Til dømes kundeservice som gir kundane meir enn dei ventar. Det forstår Reidar betre enn dei fleste. Førre onsdag sende eg han ein e-post med to spørsmål i. “Har du ladar til ein Canon 7D og kva kostar ein reflektor ein kan brette saman?” Dagen etter ringer Reidar.
– Eg har ladar og ein reflektor på lager. Men det er ein liten reflektor. Du kan låne den og prøve litt, så kan vi snakkast når du har gjort deg opp ei meining. Alt der har Reidar, vanen tru, ytt meir service enn dei fleste av oss forventar i dag. Eg bad han sende det til meg. Klokka var då 13.45. Normalt ville pakken ligge i postboksen over helga. Klokka 15.50 ringte Reidar igjen.
– Eg sende pakken med ein kar. Han leverer på Esso. Du kan du hente den før 16.
10 minutt seinare sto eg med pakka i hand. Godt nøgd.
Reidar har ytt så god kundeservice så ofte, at det var først når eg hadde fått tenkt meg litt om at det slo meg kor utruleg dette er i 2016. Verken Rein Design eller eg personleg er storkundar. Men slik blir vi mottekne, anten vi kjøper kamera til 20.000 kroner – eller noko smått til 100 kroner. Eg kunne gitt ein drøss døme: Ein gong sende eg Reidar ein e-post og spurte kva linse eg burde kjøpe. Like etter ringte han for å spørje rundt kva type bilete eg tek mest. Så fekk eg ei ”e-post-avhandling” som må ha teke timar å sy saman. Ikkje fordi han blir rik av å legge ned den tida, men fordi han vil at eg skal få produktet eg bør ha.

Verd eit stogg – i fleire generasjonar
Ein butikk på Skei ligg nokre mil unna senter som Førde, Sogndal og Gloppen. Men ved hjelp av god service har dei lange tradisjonar for å få folk til å ta turen, eller stogge på veg forbi. Alf Helgheim starta bedrifta, i 1946. Han er no 95 år og framleis ofte å sjå i butikken. Eg hugsar Alf frå turar dit på 70-talet. Den gong låg butikken på Helgheim, og eg var med bestemor mi fordi ho skulle handle ny klokke. Slikt handla ho hos Alf’en. Sjølv om det kosta seks mil køyring. Den tradisjonen har Reidar halde fram, på eit nytt felt: Kamera. Det er verd å køyre nokre mil for den servicen han yt. Reidar møter utfordringar, omveltingar og kundar med ei positiv innstilling og eit genuint ønske om å yte god service. Eg trur ikkje han tenker på det som noko ekstra – men at ”det skulle no berre mangle”. Å bygge omdøme er både enkelt og vanskeleg. Vanskeleg fordi omdøme er korleis andre opplever deg. ”Enkelt”, fordi du sjølv avgjer korleis du møter omverda. Men – du må skape gode inntrykk dagleg – med kvar kunde. År etter år. Og eventuelle tilsette må gjere det same.

Randi Holt og Reidar Helgheim – yt alltid topp service

Kunden har rett – på god service
Hos Reidar & Co er du ikkje eit problem som kjem inn døra, eller vrang om du spør og grev. Du er ikkje ein måte å tene mest mogleg pengar på. Du er ein person, med eit ønske som skal oppfyllast. Reidar prakkar aldri på deg eit digert, dyrt kamera du verken har bruk for eller kan gjere deg nytte av. Han snakkar med deg, finn ut kva du treng og foreslår noko som høver deg og ditt behov. Reidar er genuint oppteken av kundane sine og av faget sitt. Å yte god service er heilt gratis. Men det krev kunnskap og ei positiv innstilling til verda. Og du kan ikkje ta på eit smil og spele ei rolle nokre timar. Det er ikkje nok å yte det dei dagane det kjem av seg sjølv. Ein må levere det på dei tunge dagane også. Å yte super kundeservice eit heilt yrkesliv er krevjande, men det er det Reidar gjer. Han arrangerer kurs for kundane sine, butikken vinn prisar som beste butikk i Canon-ringen og han står på. År etter år. Når bransjen veltar om på alt. Bygger han om butikken, fokuserer vareutvalet og gyv laus igjen. Sjølv ikkje tre sjokkbrekk på nokre få år stogga han. År etter år leverer Alf Helgheim & Co noko unikt: Ein av landets beste fotobutikkar, på Skei. Rein Design kan ikkje gjere deg flinkare til å yte god service. Men vi kan hjelpe deg på dei områda vi er gode på: Marknadsføring, design og merkevarebygging. Du kan konsentrere deg om det di bedrift er god på og vi på det vi er gode på. Då blir sluttresultatet best.