For ein opningsfest!

Om du passerte Toyota Førde sitt nye, flotte bygg laurdag kveld, merka du at noko uvanleg der inne: Blinkande lys, dundrande musikk og glade folk som feira. Vi snakkar om ei storslagen opning av det nye bygget til Toyota Førde.

Det byrja på formiddagen, då Førde-ordførar Olve Grotle kom køyrande i hydrogenbilen Mirai for å klyppe snora. Alar Metsson, administrerande direktør i Toyota Norge og Espen Olsen PR- og informasjonssjef i Toyota Norge var der, og ikkje minst brørne Ørjan, Frode og Rune Solvang, som eig Toyota Nordfjord og Førde og bygget. Det var korsong, talar, kake og kaffi og hundrevis av menneske som myldra i nybygget.

På kvelden var det laga ein fantastisk fest: 220 gjestar fekk servert tre-rettars middag frå Scandic Sunnfjord Hotel & Spa. Sjølv hotelldirektør Odd Erik Gullaksen trådde til. Både før og etter maten fekk gjestane musikalsk fyrverkeri: Først frå Eva Weel Skram og Thomas Stenersen, deretter partybandet Polyester, som leverte så bygget rista.

Thomas og Eva skapte utruleg god stemning på kvelden.

– Du snakkar om å slå på stortromma Stein Vidar Vie?

– Det vart ein dyr fest, og litt heftigare enn vi kunne slept unna med, ler han. – Men vi følte at det var greitt å trakke til. Det var offisiell opning av det nye anlegget vårt i Førde, som vi har gleda oss veldig til. Så vi litt meir i dette enn vi elles ville gjort. Vi var veldig spente på mottakinga, men eg trur tilsette, kundar og andre gjestar sette pris på både bygg og fest. Då folk reiste heim stråla dei, og takka meg i neven for ei kjekk oppleving. Slikt set vi jo pris på. Og så har eg fått fleire tilbakemeldingar i ettertid, som kanskje er enno meir å lite på, og dei er like gode, ler han. – Og om eg skal dømme ut frå det eg sjølv opplevde og tenkte på laurdag, så er det berre ein ting å seie: Dette var ein suksess.

Rein Design – ein god støttespelar

Å lage ein så stor fest er ikkje noko for ein person åleine. I alle fall ikkje når ein står midt inne i ein hektisk sluttspurt på eit nytt bygg. Stein Vidar bestemte seg for å hyre inn Rein Design.
– Eg såg fort at dette vart eit så stort arrangementet at det vaks over meg. Vi hadde nok med å ferdigstille bygget. Ein eller anna måtte hjelpe oss om vi skulle komme i mål med festen. Vi har mykje god erfaring med Rein Design, blant anna gjennom bilmessa og andre ting, så valet om å kontakte dei var ikkje veldig vanskeleg. Og det er eit val som vi med fasiten i hand kan seie oss veldig godt nøgde med, seier han.
Heile tre personar frå Rein Design var i sving i kulissane, som alt frå sjåførar for musikarar, til kaffikokarar i nød, og diverse anna. Tore Fossen var programvert, med Jon Hjørnevik-dikt i bakhand for uventa pausar, og losa musikk og taleinnslaga trygt i hamn.
– Eg trur vi greidde å lage ei flott opningshelg for Toyota Førde. Frå Hydrogen-seminaret på torsdag til offisiell opning laurdag føremiddag, til festen på kvelden. Å samarbeide med Scandic Sunnfjord Hotel & Spa og Øyre Lyd på denne festen var gjevande. Men for å kunne sette preg på festen, er det viktig at vi får handlingsrom. Vi fekk nokre innspel om kva type underhaldning Toyota Førde ønskte, resten var opp til oss. I ettertid ser vi at det var full klaff på det meste. I alle fall sett i lys av tilbakemeldingane både Toyota Førde og vi som arrangør har fått.
– Tore, som var prosjektleiar frå Rein Design si side, har løyst dette på ein veldig flott måte. Det har vore mange jarn i elden, og mykje mas frå oss undervegs, men Tore og Rein Design har vore ei ufatteleg god støtte for meg i denne prosessen. Eg var nærmast arrangementet frå Toyota Nordfjord og Førde si side. Eg veit ikkje korleis det hadde gått utan ein god støttespelar. Det har i alle fall vore veldig greitt for meg å kunne plukke opp telefonen og ringe Tore når det dukka opp ting vi ikkje hadde tenkt på. Og då kom Rein Design raskt på bana og ordna opp. Det var heilt avgjerande for at dette skulle bli ein suksess. Spesielt under gjennomføringa av slike arrangement, så dukkar det alltid opp ting og utfordringar undervegs. Ting går aldri heilt som dei skal. Men det gjer ingenting, så lenge gjestane ikkje merkar noko til det. Og det gjorde dei ikkje, smiler Vie.

Ørjan Solvang, Stein Vidar Vie, Rune Solvang og Frode Solvang. Familien Solvang eig Toyota Nordfjord og Førde. 

Meirsmak!
– Kunne du tenke deg å drive meir med arrangement i framtida Tore?
– Å vere ”partyfiksar” er slitsamt, men gøy. Det er ufatteleg mange detaljar som skal på plass, men når ein har med profesjonelle og positive folk å gjere, går det meste greitt. Og så må ein kunne improvisere. Manglar det kjøling til drikke? Ring ein venn. Manglar det raud løpar? Ring ein venn. Får ein ikkje opp hengelåsen på skåpet? Ring ein venn – som kjem med vinkelslipar. Jo, ein sveittar eit par dagar i forkant av – og under – arrangementet, men når resultatet vart som det vart, sit ein att med ei god kjensle. Det å sjå at folk trivast og har det kjekt gjev ei god kjensle, og denne type oppdrag passar Rein Design perfekt. Dette er absolutt noko vi kjem til å satse på i tida framover.

Stein Vidar Vie og Tore Fossen