Førde Torg 20 år

Då Elvetorget skulle feire Førde Torg sitt 20 åra jubileum, kontakta dei Rein Design med ønske om ulikt materiell til marknadsføringa.
– Elvetorget feira Førde Torg sitt 20 års jubileum med ei veke fylt av aktivitetar og arrangement i butikkane, samt inne og ute på Elvetorget. Vi brenn for eit levande sentrum, og ønskjer å bidra til at det skjer ting rundt oss. Butikkane var kreative, gjorde ”nye” ting og gav kundane nye opplevingar. Laurdagen hadde vi jubileumsfeiring på Torget, seier senterleiar Anne Karin Steen.

– Vi fekk laga ein 20-års vignett, som vi la ned ein god del arbeid i å få den slik vi ville. Den utvikla vi i vår, saman med Ingvild Pedersen hos Rein Design. Då ho gjekk ut i mammapermisjon overtok Trude Tenold. Ho bygde vidare på jubileumsprofilen då ho utforma materiell til marknadsføringa vår. Vi tona ned lillafargen i logoen vår, og nytta gull som farge, sidan vi går for gull!
– Trude hjelpte oss med design av plakatar, annonser og aktivitetsplan for jubileet. Ho tilpassa òg materiellet til Facebook-sida vår, og laga innhald til nettsida. Når eg treng slikt kan eg fortelje kva eg ønskjer å formidle. Men eg er ingen designar, så eg er avhengig av at andre gjev produkta mine form. Trude fekk tekst og utkast til aktivitetsplan. Etter å ha jobba med det foreslo ho å snu ”opp-ned” på veka. Det vart topp. Vi fekk ein kjempefin, tydeleg og visuell aktivitetsplan. Det var mykje tekst på den, men det var ikkje til å unngå. Den vart likevel lett å forstå – og interessant. Tilbodsannonsane til butikkane vart perfekte i høve stemninga vi ville formidle. I høve annonsane til jubileumsfeiringa var det viktig at arrangementet med Terje Ness vart synleg, og at det vart formidla ei kjensle av folkefest. Det løyste Trude veldig bra.

– Eg er særs nøgd med Rein Design og Trude. Materiellet vart særs bra. Trude klarar å ”oversetje” orda og ønska mine og forme dei til det visuelle uttrykket vi er på jakt etter. Når eg uttrykker eit ønske om at noko skal vere festleg, høgtidlig eller utrykker kvalitet – så finn Trude element og effektar, og greier å sette dei saman til det utrykket eg ønskjer. Og det blir veldig bra. Det likar eg som kunde.