Vi trivast best saman med kunden

Ingen dag er lik i Rein Design. Nokre dagar tek du kanskje produktbilete til ein ny katalog for ein kunde. Andre dagar jobbar du med profilutvikling for ei stor bedrift. Eller reiser rundt og intervjuet tilsette i ein av fylkets største private bedrifter, i samband med innspurten på arbeidet med deira nye web-side.

Roy Sunde og Øyvind Berge

Ingen dag i Rein Design er kjedeleg. Vi står opp til kvar ny dag, og gleder oss til å ta fatt på det som er hovudoppgåva vår – alltid: Å gjere dagen til kundane våre betre. Om du har behov for hjelp med marknadsføring, grafiske tenester, innhaldsmarknadsføring, profilutvikling, ønskjer å halde eit event, eller kanskje du skal ha ny design på websida di – ikkje nøl med å ta kontakt. Vi gler oss til å ta fatt på nye utfordringar.