– Rein Design leverte meir enn forventa

Sogn og Fjordane Teater har ein hektisk haust. Stykket ”På lokalet” går sin sigersgang, med utselde lokale både her og der. Rein Design har vore involvert i marknads- og profilarbeidet.

Sogn og Fjordane Teater er ein stor og kjempespennande kunde å jobbe med: Kvalitetsbevist, kreativ og oppteken av det visuelle, og dei har mange små og store utfordringar som skal løysast. Det gjer arbeidsdagen vår både krevjande, og kjekk.
– Vi tok kontakt med Rein Design, ved Joachim Vie, i samband med haustlanseringa 2016. Bakgrunnen var at vi ønskte ein sparringpartnar på ein film vi skulle produsere. Og då var eigentleg samarbeidet i gang, seier Lene Grande, informasjons- og marknadssjef i Sogn og Fjordane Teater.

Lene Grande og Heidi Kårstad Gloppen

– Sogn og Fjordane Teater ønskte ein samarbeidspartnar på dette med design, profil- og marknadsføring som vi kunne sitte ansikt til ansikt med og diskutere. Vi hadde eit ønske om å stramme inn og friske opp profilen vår. Eg har lagt merke til at Rein Design har eit reint, friskt og oppdatert uttrykk på dei produkta dei leverer, så vi bad om eit forslag på ein plakat. Og Heidi Kårstad Gloppen leverte langt over forventa. Forslaget hennar til ny plakat var så bra at vi vart overraska, ja rett og slett veldig nøgde. Det var ei viktig årsak til at vi gjekk for Rein Design, seier Lene, og fortel at det raskt utvikla seg med meir arbeid.
– Vi valte å gå vidare i samarbeid med Rein Design. Heidi har både laga plakatar, roll-up’ar og annonser for oss. Masse annonser, ler ho, og siktar til suksessen med ”På Lokalet”.
– Vi har også brukt Rein Design til å produsere innhaldsmarknadsføring, i form av artiklar der ein snakkar med skodespelarar og regissør om eit stykke.
– Og ikkje minst har vi brukt Joachim som diskusjonspartnar rundt dette med web og Facebook i marknadsføringa. Det er greitt å ha ein person utanfor si eiga bedrift som sparringspartnar. Lene beskriv samarbeidet med Rein Design som særs godt. – Vi opplever at Rein Design strekk seg langt for å tilfredsstille oss – og vi er veldig nøgde med samarbeidet. Rein Design leverer innan frist: og ikkje minst leverer dei særs gode produkt, seier ho og skryt av Heidi, som tek seg av det grafiske arbeidet.
– Heidi er suveren. Alltid i godt humør, og løysingsorientert. Ho kjem alltid med gode forslag. Og ho leverer det eg ber om – og litt til. Ho yt det vesle ekstra – og som kunde syns eg det er veldig kjekt å få. Ho tek utfordringar på strak arm – og leverer gode sluttprodukt. Slike folk er heilt topp å samarbeide med, seier Lene. For ein designar er sjølve drømmen å få jobbe med kundar som er oppteken av design og visuelle uttrykk. – Det er ekstra givande å jobbe med folk som er interessert i det visuelle, og som set pris på og krav til god design. Sogn og Fjordane Teater er ein slik kunde. Det er inspirerande å få komme inn bak kulissane, sjå kostymer og få innblikk i teaterverda, smiler Heidi. – Design- og teaterverda er beslekta – vi har ei felles forståing rundt dette med planlegging og fristar. Lene er heilt topp å jobbe med. Ho er strukturert, konkret og har alt planen klar til langt ut i 2017. God planlegging gir ein god arbeidsprosess med rom for eksperimentering, noko som sikrar eit godt sluttprodukt.