Ny nettside for BTO

Då Bergen Teknologioverføring (BTO) skulle ha ny nettstad vart Rein Design hyra inn av leverandøren Mediebruket til å utvikle web-designet.

BTO er teknologioverføringskontoret i Bergen, som støttar ti forskingsinstitusjonar – inkludert 4000 forskarar og 30.000 studentar. BTO er eigd av Universitetet i Bergen, Helse Bergen, Havforskningsinstituttet, SIVA, Høgskolen i Bergen og NHH. Dei jobbar med å auke innovasjonen i Bergensregionen. Hovudoppdraget er å kommersialisere forskingsresultat og slik auke verdiskapinga frå forsking på Vestlandet. Dei tilbyr også inkubatorfasilitetar, og handterer kliniske studiar på vegne av Helse Bergen og Universitetet i Bergen. Våren 2016 lanserte dei sine nye nettsider, utvikla av Mediebruket, med Webdesign frå Rein Design. Nettstaden vart nok eit døme på det gode samarbeidet bedriftene mellom under paraplyen Kommunikasjonshuset Riksvegfem.

Sunniva Ullavik Erstad, kommunikasjonsrådgivar i BTO

– Dei gamle nettsidene var utdaterte, både når det gjaldt design, teknisk løysing og innhald. Vi valte derfor å sette i gang ein full prosess for å få nye nettsider. Rein Design hadde ansvaret for design, medan Mediebruket sto for den tekniske løysninga. Parallelt jobba vi i BTO med innhaldet, i samarbeid med Mannheimer, fortel Sunniva Ullavik Erstad, kommunikasjonsrådgivar i BTO.

Sunniva seier prosessen undervegs var ei god oppleving.
– Samarbeidet mellom Mediebruket og Rein Design var godt, og vi opplevde at prosessen var ryddig og føreseieleg. Vi visste heile tida kva som var status, og kunne følgje prosjektet på nært hald heile vegen, seier ho og held fram. – Vi er særs nøgd med både arbeidet som vart gjort, og det endelege resultatet. Trude Tenold la fram gode skisser, og hadde mange gode forslag underveis. Ho heldt seg til profilmanualen vår, samtidig som ho leika litt med den for å tilpasse den eit godt webdesign. Behova våre endra seg litt undervegs i prosessen, og då var Trude rask med å tilpasse designen.
– BTO sitt ønske i starten var ei meir nyheitsretta nettside, med artiklar frå prosjekt og omtalar i media. Etterkvart tona dei nyheitsfokuset noko ned, og vi justerte designen deretter. BTO sin visuelle identitet har vore god og fleksibel å jobbe med. Det er kjekt med kundar som er engasjerte, der ein saman kan diskutere seg fram til gode løysingar. Samarbeid på tross av geografisk distanse har fungert fint. Vi har kommunisert via Skype, mail og prosjektverktøyet Basecamp, fortel Trude Tenold, AD hos Rein Design.

Her kan du sjekke ut sida til BTO