Berge & Co nyopnar

2. september var det offisiell opning av det «nye» bilvarehuset Berge & Co. Alle nybilavdelingane hos Berge & Co er no utvida, ombygde og totalrenoverte, for å tilfredsstille dei ulike merkevarene sine nyaste standardar. Rein Design har hatt oppdrag med å dekorere lokala, samt arbeidet med å marknadsføre «nyopninga» i form av annonser i Firda, på Facebook og ulike nettstader.

– Ein fekk ikkje byrja på dekor-arbeidet før byggearbeidet var ferdig. Rein Design vart kopla på i den siste fasen, for ein hektisk, men kjekk sluttspurt, smiler Øyvind Berge, dagleg leiar på Berge & Co.
– Det var hektisk ja, men alt kom på plass, seier prosjektleiar i Rein Design, Tore Fossen.
– Dei har verkeleg ”stått på pinne” for oss desse vekene, og utvist god ”kundevennlegheit”. Samtidig som det er veldig høg kvalitet på det som er utført. Eg har ingen problem med å gå god for jobben dei har gjort. Vi er veldig godt nøgde. – Møller har strenge krav til kva ein har lov å gjere med tanke på dekor utanom deira retningslinjer. Likevel er det litt «slakk». I tillegg til å bruke importørens eigne profilbilete, har vi leita i arkiva til Berge & Co, og funne eit par flotte bilete frå tidleg 60-tal, som er printa på tapet og montert på vegg. Utleveringshallane til Audi og Volkswagen er dekorert med importørens eigne bilete. Kontor og møterom er også pynta med historiske bilete. Print og montering har R-Profile stått for, seier Fossen.

Øyvind Berge, dagleg leiar Berge & Co.